– Vi må til botten av NAV-skandalen

Av

Alt i 2017 gjorde trygderetten det klart at dei meinte NAV praktiserte lovverket feil. Sidan den gongen har mange blitt ramma. Kvifor blinka ikkje varsellampane før?, spør Sola SV.

DEL

MeningerLESARBREV: Vi er alle blitt skaka av NAV-skandalen. Veldig mange av oss kjem til å bli sjuke i løpet av livet. Då treng vi eit system som er der for oss, eit Nav som stiller opp. Det som har skjedd no er at mange menneske er blitt uskuldeg dømde for trygdesvindel. Vi i SV lovar å snu alle steinar for å få svar på kva som har skjedd.

Vår førsteprioritet er å få eit tydelig svar frå arbeidsministeren på korleis regjeringa har tenkt å syte for at alle som er urett dømde, eller har fått liva sine påverka av NAV si feiltolking av regelverket, skal få oppreising. Det handlar om folk som har site i fengsel, men det handlar også om mange andre alvorlege historier. For det er mange som er ramma av denne saka, på ulike vis.

Nokre har sett ein bror med psykiske problem få ytterlegare stein til byrda med pålegg om ein urett straffedom. Nokre har måtta betale tilbake store summar dei eigentlig hadde rett på, utan at dei hadde det spesielt romsleg økonomisk i utgangspunktet. Og nokre har ikkje fått lov til å reise til utlandet og for eksempel besøke sjuke eller døyande slektningar, for då har dei risikert å misse livsgrunnlaget sitt.

Det er sjokkerende å sjå at NAV i utgangspunktet meinte at dei ikkje trengde å finne ut kven som var ramma av denne enorme feilen. Og det er det andre vi må få klare svar på. Kvifor skjøna ikkje NAV tidlegare at dei tok feil, og snudde?

Alt i 2017 gjorde trygderetten det klart at dei meinte NAV praktiserte lovverket feil. Sidan den gongen har mange blitt ramma. Kvifor blinka ikkje varsellampane før? Og kvifor skjønte arbeids- og sosialministeren først i september 2019 kor alvorlig denne saka var, når ho blei varsla om usemja mellom NAV og trygderetten lenge før?

Det er dette og fleire andre spørsmål SV vil ha svar på når arbeidsministeren kjem til Stortinget for å greie ut om saka på tysdag. Vi kjem til å forfølgje saka heilt til alle svar er på bordet. Denne saka blir kanskje ekstra ille fordi så mange av dei som styrer brukar store krefter på å mistenkeleggjere folk som treng hjelp frå fellesskapet.

Det er nesten som om det blir nytta meir politisk trøkk og prestisje på å jage små og store feil, enn på å syte for at alle som treng det får hjelp. For alle som er ramma er dette frykteleg alvorleg, for nokre av dei sjukaste og fattigaste er feila til systemet ei katastrofe.Svindel skal sjølvsagt takast, også i NAV, men vi må alle spørje oss om denne skandalen kunne skjedd viss uretten hadde ramma dei friske og rike, ikkje dei av oss som er sjuke eller fattige. Dette må vi til botten i. No.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags