Gå til sidens hovedinnhold

Vêret torsdag: Gult farevarsel og kraftige vindkast

Vinden aukar frå torsdag morgon og minkar først i styrke ved barne-TV-tider.

(Jærbladet)

Meteorologane frå Meteorologisk institutt har meldt om «svært mange farevarsel onsdag og torsdag».

I Rogaland er det varsla kraftige vindkast torsdag føremiddag og ettermiddag. Vinden aukar frå klokka 9 og minskar i styrke rundt 18.

Vindkasta frå sør kan koma opp i styrkar kring 25-33 sekundmeter, og vinden aukar først i sør.

Meteorologisk institutt rår til å sikra lause gjenstandar, og å unngå unødvendig ferdsle på utsette stader.