Dei som ynskjer å søkja støtte frå dette fondet, må skrive litt om seg sjølv, om korleis dei har opplevd å verta mobba, korleis mobbinga oppstod og kor lenge det varte og utarta seg. I tillegg må de sende et bilde av seg selv, e-post, mobil nummer og postadressa, fortel mor til Louise.

Louise vart alvorleg sjuk etter at det oppstod eit mobbeproblem i klassen hennar på Stangeland skule, Sola. I denne klassen vart fleire elevar mobba i ein periode. Då det det vart Louise sin tur til å verta mobba, vart dette for mye for henne og ho vart alvorleg sjuk av dette. Louise fekk fyrst konstatert Ulcerøs kolitt (kronisk tarmbetennelse) og like etterpå gjekk dette også over til at ho også fekk barneleddgikt. Louise var 10 år da dette skjedde.

Hun sleit med desse to alvorlege sjukdomane heilt fram til hun døydde berre 21 år gamal. Legane på Sentralsykehuset i Stavanger råda Louise til å leggja ut tarmen i pose på magen då ho var om lag 19 år, slik at ho kunne kvila tarmen litt og dette hadde Louise i om lag 1,5 år og ho fungerte godt med dette. Problemet oppstod då ho skulle leggja inn tarmen i kroppen att. Denne operasjon vart totalt mislukka og ho fekk melding om at ho måtte ha utlagt tarm resten av livet, noko som var heilt greit for Louise, fordi ho hadde fungerte godt med utlagt tarm.

Problemet var berre at ingenting fungerte i kroppen hennar etter operasjonen og ho vart svakare og svakare dei tre vekene etter operasjonen ho læg på sjukehuset. Louise sa sjølv medan ho låg på sjukehuset etter operasjonen at «det følest som at eg ligg her på siste klasse og at ingen bryr seg eller tek meg og kroppen min på alvor». Då hadde ho låge på sjukehuset i tre veker etter at ho vart operert og kjente at ingen ting skjedde for å få henne betre.

Louise sitt dødsfall vart etterforska som «unaturleg dødsfall» og Louise og journalen hennar vart henta same dag som ho døydde og sendt vidare til obduksjon i Bergen. Politiet overtok også journalen hennar. Det var svært stor interesse og pågang i denne saka både frå media og helsevesen. Etter at Louise døydde var det fleire (både legar, sjukesystrer og anna helsepersonell) som arbeida på Sentralsjukehuset i Stavanger som tok kontakt med mor til Louise og som var oppgitt over den uverdige måten Louise hadde vorte handsama på sjukehuset.

Det vart også skrive og omtala om denne saka rundt omkring i media i heile landet. Dagbladet 27. januar 1994 skreiv på fyrste sida om «over 6000 feil behandles i Norge på sjukehus» og at leger prøver å skjule sine tabber. Alle media var opptatt av slike saker på den tida.

Politiet etterforska saka til Louise og mora hennar ringte jevnt og trutt i to år og fekk melding om at politiet skulle melda i frå når saka til Louise var ferdig etterforska. Mor til Louise fekk ikkje melding om at saka var henlagt før fire år etter at Louise døydde.

Kva med alle dei som døyr eller vert skada og alle som mistar det kjæraste dei har, skal ikkje dei ha rett på eit betre rettsvern, menneskjeverd, menneskjeverdisyn, kvalitetssikring og behandling? Det var etter dette at mor til Louise i lag med vener av Louise starta opp med eit hjelpefond i Louise sitt namn. Louise Sola Dirdal Hjelpefond.

For å få inn pengar til dette Hjelpefondet vart det arrangert fyrst ein minnekonsert i Sola kulturhus 16. april 1997. Det vart også arrangert ein solidaritetsmarsj og fakkeltog langs Breiavatnet. I tillegg vart det også halde talar og appellar i paviljongen ved Breiavatnet. Minnekonserten som vart arrangert i Sola kulturhus der mellom anna Eriksen, Ingenting, Torhild Nigar, Britt Synnøve Johansen, Sibbe frå Sandnes, DNA Ensemblet, The Silver Voices med fleire opprådde gratis til inntekt for Louise sitt Hjelpefond. Pål Magnor Kvammen var konferansier. Her var det mange kjente artister deltok gratis og som gjorde en kjempejobb.

Det vart også arrangert ei sals messa med salg av mange fine handlaga ting som kunne kjøpast og utlodning med mange flotte og verdifulle vinster. I april 2003 vart det arrangert nok ein minnekonsert i Sola kulturhus til inntekt til Louise sitt Hjelpefond. Også på denne minnekonserten deltok mange kjente og kjære artistar, slik som Eriksen, Ingenting, Toni Gundersen, Tønnes, Vigdis Eidsvåg med fleire. Det er mange som framleis har gode minner frå dei to minnekonsertane som vart arrangert i Louise sitt Hjelpefond. Mora til Louise fylte då 50 år og ynskja seg pengar til Louise sitt Hjelpefond i staden for andre gåver og det kom ein del pengar inn her til hjelpefondet.

Hjelpefondet som vart oppretta i Louise sitt namn tok utgangspunkt i verdiar Louise hadde og at ho var oppteken av; Kjærleik, solidaritet, omsorg, omtanke for andre og det å vera eit godt medmenneskje. Hjelpefondet skulle setja søkjelys på menneskeverdet, menneskeverdisynet og kvalitetssikring på sjukehus.

Mobbing som både born og vaksne kan verta utsett for, kan vera svært farleg å verta utsett for. Er du av ein av dei som har kjent dette på kroppen, må du gjerna søkja i hjelpefondet.

Søknadane vil verta handsama fortløpande, som dei kjem inn. Søknaden kan sendast til på epost: [email protected], eller i posten til: Wenche I. Sola, Sollivegen 18 B, 4020 Stavanger. Søknaden må merkes «Søknad til Louise Sola Dirdal Hjelpefond»