Gå til sidens hovedinnhold

Samisk på timeplanen for elevane ved Håland skole

– No kan elevane mykje om samekulturen før og no, seier kontaktlærar Kjersti Karine Kristiansen Øvestad.

7. trinn på Håland skole har i heile februar jobba med urbefolkning/samar som tema. Både innanfor faga norsk-KRLE-samfunn-naturfag-musikk er det mål som skal vera dekka i høve til den nye læreplanen etter 7. trinnet.

– No kan elevane mykje om samekulturen før og no. Me var så heldige å bli invitert av gruppa Keiino til ein minikonsert onsdag. Der fekk me opplæring i å joike refrenget til deira Melodi Grand Prix-låt dette året, fortel Kjersti Karine Kristiansen Øvestad, kontaktlærar.

«Verdas største alljoik» var det fleire skular som deltok i. Håland skole sende inn sitt lydopptak av joiken, og no kan dei synge med når Grand Prix går av stabelen.

– Torsdag laga me det samiske flagget ute i snøen av isbitar. Det blei matematikk i naturen. Då var me innom måling, areal og volum i klasserommet før mjølkekartongar blei brukt. Elevar og lærarar var like engasjerte, seier Øvestad.

Kommentarer til denne saken