Rydd opp i PP-tenesta, no!

Av

KrF vil ha fortgang i oppryddinga, seier KrF-politikar Britt Marit Haga.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.KrF har venta lenge på kontrollutvalet sin rapport om PP-tenesta. For me har opp gjennom åra høyrt mange historier frå både innbyggjarar og lærarar i Sola om deira erfaringar med denne viktige tenesta i kommunen. Og når sant skal seiast, ikkje alle erfaringar har vore gode erfaringar.

For det fyrste: seks månader er for lang tid å vente på ei sakkunnig vurdering. For foreldre, som kanskje har vore urolege for barnet sitt i lang tid og som kanskje også har måtte kjempe for å bli vist til PPT. Og for barn, som i 182 lange dagar til må oppleve utanforskap og manglande meistring.

Så les me at kommunen har ein god del kompetanse til å handtere barn og unge med ulike tilleggsbehov, men skulane får ikkje tilgang til denne. Lærarar fortel at dei aldri har høyrt om tverrfaglege team, at dei ikkje veit kvar dei kan få hjelp. Dersom desse borna skal gå på nærskulen sin må skulane faktisk få verktøy til å takle dei. Lærarar melder at dei dagleg ser seg nøydt til å velje: å vere frimerke på den eine eleven, eller å gje dei 21 andre elevane i klassen den oppfylginga dei skal ha. Kan ein ide vere å knytte PP-tenesta og Sande læringssenter tettare saman, blant anna for å utnytte ressursane betre? Dette ynskjer me vurdert.

Sist, men ikkje minst manglar ein struktur for samarbeid når fleire instansar er inne samstundes. Foreldre tar seg fri eller sluttar i jobben for å gjere den koordineringsjobben kommunen burde gjort! Foreldre skal ikkje vere sakshandsamarar for sitt eige barn, dei skal vere foreldre og få ein familie til å fungere. Me les mellom linjene i rapporten at det er konfliktar mellom profesjonar med ulik ideologi. Er det her hunden ligg gravlagd? Tverrprofesjonelt samarbeid krev ei tydeleg og sterk leiing. Med dette er utfordringa til den nye kommunedirektøren gitt. No forventar me at tilrådingane i denne rapporten vert fylgd opp med konkrete tiltak, både på kort og på lang sikt.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken