Time kommune opprettar krisestab etter mistenkjeleg dødsfall i Sola

KAN VERA TIMEBU: Ein mann i 40-åra frå Sør-Rogaland, er stadfesta død. Time kommune er onsdag blitt informerte om at mannen kan vera innbyggjar i kommunen.

KAN VERA TIMEBU: Ein mann i 40-åra frå Sør-Rogaland, er stadfesta død. Time kommune er onsdag blitt informerte om at mannen kan vera innbyggjar i kommunen. Foto:

Politiet stadfestar at mannen som er funnen død, er frå Sør-Rogaland.

DEL

(Jærbladet) Politiet har informert om at personen som vart funnen død på Regestranden i Sola, kan vera ein sakna person frå Time, skriv Time kommune i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

- Dette er ein tragisk situasjon og våre tankar går til dei pårørande. Kommunen har sett krisestab og følgjer situasjonen tett. Psykososialt kriseteam er aktivert, og me vil setja i verk fleire tiltak dersom det vert naudsynt, seier ordførar Reinert Kverneland.

Kommunen bed om at spørsmål om status i saka, rettast til politet.

Politiet skal ha pressekonferanse om saka tysdag ettermiddag klokka 16.00.

– Mistenkjeleg dødsfall

Tysdag 9. desember vart ein mann funnen død på Rægestranda. Politiet vil ikkje gå nærmare inn på omstenda rundt hendinga, men karakteriserer dødsfallet som mistenkjeleg.

– Politiet har nå ei klar formeining om at avdøde er ein mann i 40-åra busett i Sør-Rogaland, men me avventar framleis sikker identitet. Mannen blir obdusert i dag, og dei aktuelle pårørande er varsla, opplyser leiar for personseksjonen i Sør-Vest politidistrikt, Bjørn Kåre Dahl i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Etterlyser svart personbil

Politiet leitar onsdag etter bilen til avdøde, ein svart Opel Astra 2014-modell, med registreringsnummer RK 81723. Dersom publikum kjem over bilen, blir dei bedne om å kontakta politiet med det same, på telefonnummer 02800 eller tips-rogaland@politiet.no.

Politiet vil ha tips frå personar som har sett bilen fredag, laurdag og sundag. Dei arbeider vidare med å kartleggja rørsler og trafikk inn og ut av området der avdøde vart funnen, og ønskjer tips om rørsler og trafikk frå laurdag morgon til måndag klokka 16.

Artikkeltags