Planar om sjøbad på Solastranda som vi les om i Solabladet, har det også vore tidlegare. I min artikkel om tidlegare rektor og ordførar i Sola, Kåre Kvalvik, i Sola historielags årbok 2021 skriv eg bl.a. om «Nordsjøbadet»-planane i 1986.

Det var den gongen Sola kommune hadde store inntekter og mange idear om korleis pengane kunne investerast. Eit prosjekt som kommunen ivra for å realisera, var eit glasbygg på 4500 kvm med seks ulike basseng teikna av arkitektfirmaet Archi’tec A/s i Tananger. Kultursjef Fred Roland uttalte i ein avisartikkel at anlegget på Solastranda kunne få varmt vatn frå Shell-raffineriet.

Ein delegasjon frå Sola kommune med ordførar Kvalvik og kultursjef Roland i spissen og med deltaking av fylkesmannens miljøvernavdeling vitja 10 forskjellige fritidsbad i Tyskland og Nederland. Prosjektet kom aldri lenger enn til planleggingsstadiet, for fylkesmannen sa tvert nei til det av miljøomsyn.

Eg ser at kommunedirektør Knut Underbakke peikar på fleire skjær i sjøen for det nye badeland-prosjektet som Glastad Farsund AS har lansert. Utfordringar med omsyn til tilpassing til landskapet rundt, infrastruktur, transport og parkering, plassering som er i strid med regionale planar, etc., gjer at det nye prosjektet ikkje ser ut til å bli famna med like stor entusiasme av kommunen som «Nordsjøbadet» i 1986. Kommunen peikar på Åsen som beste lokasjon om eit nytt kommunalt badeland skal etablerast.

Det er med andre ord lite som tyder på at kommunen eller politikarane har like stor lyst til å leggja eit badeland til Solastranda som for 35 år sidan. Og om dei skulle støtta prosjektet, vil nok statsforvaltaren i dag setja ein stopp for det slik som fylkesmannen gjorde for «Nordsjøbadet» på 1980-talet.