- Når ny kyrkje skal vigslast i Solakrosen, bør det bli ei ny kyrkje både i navnet og gavnet

Av

Nå er anledningen til å bruka namnet på kyrkja som reisest der for Solakrossen kirke.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Kyrkjevergen seier at Sola kyrkje forsatt skal vera eit kyrkjebygg. Så bra. Nå er saka på ein måte halvert. Tidlegare las me at kyrkja skulle bli ein livssynsnøytral arena. Men ordet "historielaust" kryp seg framleis inn i det eg les. F.eks. "Den gamle kyrkja" frå 1955. Sola kirke har stått på tuftene frå 1842 , og verkeleg vore eit storverk der oppe på Solagardane. Eit samlingspunkt, ein stabbestein. Me fattar ikkje kor stort det bygget må ha fortona seg for slitarane rundt på gardane der folk streva med spett, steinbukk, hest og kjerre. Kor stolte har dei vore av den flotte kyrkja. Like stolte som folk var av dei store katedralane i Europa i middelalderen. Så var det ikkje kommunen som ga namn til kyrkja. Det var staden der ho var plassert i Haaland herred eller kommune. Hadde ikkje tyskarane lagt kyrkja i grus, sto nok kyrkja der framleis. Ville nokon fått idéen til å flytta namnet til Solakrossen då? Bileta fins om ei kyrkje som først vart kamuflert, grønmalt osv., men som tilslutt fall på post.

- Oppropet formidler et sterkt, lokalt engasjement for å beholde navnet på nåværende Sola kirke. Det framgår ikke av underskriftslistene om de som har undertegnet tilhører geografisk det området som Sola sokn/menighet omfatter, les eg i Solabladet nå.

Så eg er vel kjent med at eg ikkje bør meine eller uttale meg. Men, utan adresse i Sola det meste av mitt vaksne liv, reknar eg meg den dag i dag som solabu lell. Forfedrane mine er kanskje av urbefolkningen, jentenamnet mitt er gardsnamn frå Sola, eg er fødd i Sola, døypt og gift i Sola kirke. Mine første barneminne har eg også frå denne plassen, frå den tida klokkaren las frå lesepulten at me var i Guds heilage hus. Og ikkje minst har eg minne frå kyrkjegarden. Dei faste turane dit med mor og sykkel for å stella gravene, var gilde reiser. Og alt førearbeidet for at gravene skulle vera fine! Det var før gartneria produserte blomster og folk betalte for slikt. Ja, rett og slett den tida folk brukte minst mulig av jorda si til hage. I dag held gravstellet vårt fram ved nye generasjonar. Ein gravplass er ei stor historiebok.

Onsdag før påske var Aftenbladet saman med eit lite gravfylgje i begravelse i Sola kirke. Dei fylgde like til grava, der lyden frå helikopterbasen blanda seg med salmesong og blei til Musikk ved grava. Der, på helikopterbase-grunn, budde også ein del av menigheten i farne tider. Og journalisten beskriv dei gamle gravene og seremonien over fleire sider. Han får også med dei lange historiske linjene frå Erling Skjalgson og denne staden som kyrkjestad.

Sola kirke har sanneleg si historie. Den var soknekyrkje for alle. Nå har kommunen fått fire kyrkjer og fire sokn, og alle har namn etter grunnen dei står på. Sola kirke har på eit vis ein mykje større menighet enn den som flyttar til sentrum. Det er grunnen til engasjementet! Og det er også ein grunn til ikkje å rana namnet med seg.

Når ny kyrkje skal vigslast i Solakrosen, bør det bli ei ny kyrkje både i navnet og gavnet. Krossen har vore navet i utviklinga, økonomisk og administrativt, i kommunen. Nå er anledningen til å bruka namnet på kyrkja som reisest der. Solakrossen kirke. Krossen - Korset. Mange ville vore utruleg glade for muligheten til eit slikt namn på kyrkja si. Vakkert, talande og klangfullt. Lurer på kva som vil skje i Klepp. Der skal det også byggjast kyrkje i krossen.

I Sola er saka nå kirke/kapell? Eg ser ikkje relasjonen og hensikten med å trekkja navn som Hundvåg kirke/kapell og Tjensvoll kirke/ kapell inn i samanhengen her. Det seier lite om kjernen i Sola kirke saka. Desse kapella har ei heilt anna historie. Pkt. 1: Dei har aldri vore soknekyrkjer. Hundvåg, del av dåverande Hetland kommune, hadde Vor Frue kirke - el. Hetlandskyrkja, på Storhaug i Stavanger, som si soknekyrkje med gravplass. Hundvåg kapell var Fredheim bedehus og vart vigsla til kapell. Hundvåg kirke kom i 1983. Tjensvoll kapell var og er i bruk ved begravelsar på Tjensvoll kyrkjegard. Tjensvoll kirke vart vigsla i 1978. Pkt. 2: I Norsk kirkeleksikon, Våre Kirker, er ingen av desse kapella nemnde. Dei går ikkje inn under vimpelen Våre kirker. Sola og nabokommunen Klepp burde heller snakka saman. Solakrossen kirke og Kleppekrossen kyrkje.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken