(Strandbuen)

Grøtteland og nokre vener har i fleire år vore på jakt etter ein gard der dei kan driva med det dei brenn for. Det handlar blant anna om gjenbruk, ein forsvarleg og berekraftig måte å dyrka jorda på, psykisk helse og det å skapa pusterom og fellesskap.

– Eg brenn for at me skal ta vare på naturen og helsa vår, slår ho fast.

Draumen om å eiga ein gard blei tidleg til, og då ho var lita jente var ho ofte på besøk hos fjerne slektningar for å hjelpa til med gardsdrifta. Ho har også henta egg og hjelpt til på garden til stefaren på Lekvam i Strand.

– Då eg var lita drøymde eg om å bli flyvertinne, fordi eg trudde at dei tente så mykje pengar. Eg ville tena mykje pengar, slik at eg kunne kjøpa meg ein gard, ler den ferske gardseigaren, som bur på Sola og er oppvaksen på Stangeland i Sandnes.

Kanskje kan garden i Gjøysavegen ein dag i framtida få namn frå der ho vaks opp?

– Eg har lyst til å kalla garden for noko med «lunden»; kanskje Askelunden, for det er så fine asketre der, seier ho.

Frodig og trerikt i Gjøysavegen

Den opphavlege eigaren av småbruket på 17,5 mål i hjartet av Forsand døydde for fire år sidan. Han eigde ein planteskule på Sandnes, og det ber eigedommen i Gjøysavegen preg av.

– Det er så mange fine tre her. Sjå dei nydelege fargane på det der, seier Mette Grøtteland begeistra og peikar rundt seg.

– Den tidlegare eigaren var fødd dagen etter meg og sonen min, det synest eg er så fint, legg ho smilande til.

Store rododendronbuskar omgjer trestammane. Det går levande an å sjå for seg korleis det vil sjå ut i gardstunet under blomstringa i mai.

– Og så stien som går gjennom tunet her – Hjerterunden heiter den – det synest eg er så fint, smiler 53-åringen.

Ho løfter hendene over hovudet i rein glede over at garden med utsikt over både Høgsfjorden og Lysefjorden nå har blitt hennar, medan den fem månader gamle labradoodlen Milo Aladin spring lykkeleg rundt føtene hennar.

Karriere i Forsvaret

Mette Grøtteland har i dag ein administrativ jobb i Forsvaret. Ho har kontorplass på Sola flystasjon, men jobbar eigentleg i Rygge i Vestfold der ho reiser på møte innimellom.

I februar 1992 var ho ferdig utdanna jagarpilot frå USA, som den første kvinnelege jagarpiloten i Norge.

– Det var ikkje ein draum å bli jagarpilot, men eg blei påverka av venner på vidaregåande, røper ho.

53-åringen syntest militæret verka spennande med øvingar og fysiske utfordringar, derfor tok ho førstegongsteneste.

– Eg elskar å vera ute i naturen og liggja i telt, det har eg gjort sidan eg var lita, men å liggja i telt på ei militærøving kontra det å reisa på telttur er ikkje heilt det same, ler Grøtteland.

Det blei likevel militæret som blei hennar karriere. I 1993 begynte ho tenesta som jagarpilot i Bodø. I 2001 blei ho pilot i SAS, men den jobben hadde ho bare i eit par år.

Sidan har ho blitt helikopterpilot i Canada og har foke redningshelikopter hos 330 skvadron i fleire år. I desember 2016 fauk ho for siste gong.

– Då gjekk eg julevakt som redningshelikopterpilot. Eg har ikkje sakna å fyka, innrømmer den tidlegare piloten.

– Kjekt med luftkamp

– Kva var det du likte best ved å vera pilot?

– Då eg fauk jagarfly var det aller kjekkast med luftkamp. Og så er det også kjekt å fyka og sjå den fantastiske naturen vår, svarer Grøtteland, eller «Jet-Mette» som ho blei kalla.

Tilbake til småbruksdraumen, som ho brenn mest for.

– Då sonen min blei fødd eigde eg faktisk ein gard på Randaberg saman med faren til sonen min. Den inneheldt eit fjøs og eit bustadhus og var på tre mål. Me hadde mange planar for garden, men det blei aldri noko av og me flytta frå kvarandre, fortel Mette Grøtteland.

Det siste året har ho sett på gard i Skjoldastraumen i Tysvær. Ho syntest det var litt for langt vekke, men den var aktuell, heilt til småbruket på Forsand dukka opp. Ho såg også på ein gard på Rennesøy, men den blei altfor dyr.

– Det var ei venninne av meg som oppdaga småbruket på Forsand, og sa at eg måtte reisa på vising der. Eg reiste på vising saman med fleire venner, men hadde ikkje tenkt å kjøpa, seier ho.

– Då eg kom på visinga syntest eg at det var den finaste eigedommen eg har sett. Eg rekna med at den ville bli seld for mykje meir enn det den gjekk for, sjølv om det jo likevel er dyrt, held ho fram.

Då eg kom på visinga syntest eg at det var den finaste eigedommen eg har sett.

Mette Grøtteland

Skulle eigentleg ikkje kjøpa

Prisforslaget for småbruket var på 3,2 millionar kroner. Grøtteland betalte 3,7 millionar for eigedommen og dei forfalne bygningane på denne. 40 personar var på interesselista til meklaren for eigedommen og fire bodgjevarar slåst om å kjøpa den.

– Det er så mange mulegheiter på eigedommen, slår ho fast.

14 dagar etter at ho blei gjort merksam på småbruket var ho på vising. To veker seinare hadde ho kjøpt det.

– Det er nesten uverkeleg, men eg føler meg veldig heldig som fekk høve til å kjøpa småbruket, seier Grøtteland.

Ho planlegg først å få på plass eit slags lagerbygg på Gøysa-eigedommen, der ho kan samla ulike material både frå rivinga av bygningar på eigedommen og brukte byggjematerial ho samlar frå andre stader. Ho er nemleg opptatt av gjenbruk og drøymer om å skapa noko nytt av det gamle.

– Driftsbygningen her har eg lyst å blant anna laga butikk i, der me kan selja det me dyrkar og kanskje andre antikvitetar frå garden her og frå andre stader, fortel Grøtteland.

Ho seier heile tida «me», og i dette pronomenet er det altså ho sjølv, ein amerikansk advokat og historikar, ei venninne som blant anna har jobba på den økologiske garden på Ullandhaug i Stavanger og drive med Inn på tunet for ungdom og faren til sonen sin kamerat, som også har jobba på garden på Ullandhaug.

– Det er enklast om det var eg som kjøpte garden, og så har me på førehand bestemt kva det er eg som eigar som kan bestemma, seier Mette Grøtteland.

Det er nesten uverkeleg, men eg føler meg veldig heldig som fekk høve til å kjøpa småbruket.

Mette Grøtteland

Vil bu på Forsand

Ho ser for seg at dei saman og kanskje med fleire andre interesserte kan byggja opp eigedommen med både bygningar og ei drift av jorda som er berekraftig. Der bruk av store maskinar og sprøytemiddel ikkje er ein del av kvardagen.

Ho drøymer om å få på plass mikrohus inni det vesle skogbrynet midt i eigedommet, å fiksa og renovera den store driftsbygningen slik at den kan innehalda ein gardsbutikk, kanskje eit oransjeri, kanskje eit selskapslokale, kanskje eit hobbyrom.

Bustadhuset på garden har ho tankar om å leiga ut, kanskje i regi av Air bnb, og byggja nytt seinare. Men ennå er alt tankar og planar, som både krev søknader og kommunal behandling.

– Eg har planar om å busetja meg her på sikt. Eg er ikkje laga for å bu i ein by, stadfestar gardseigaren.

Ho vil ha høner og sauer på garden på Forsand når ho flyttar dit. Ho drøymer om å bu i mikrohus til å begynna med, men å byggja eit nytt hus på sikt.

Grøtteland har hatt hytte på Idsal i over 20 år.

– Etter at eg kjøpte garden på Forsand er det ikkje så vanskeleg å selja hytta på Idsal, for det er jo i det same området og landskapet. Eg har trivest veldig godt i hytta på Idsal, slår ho fast.

Nå ser ho fram til å få begynna å jobba på eigedommen etter overtakinga i januar. Å fjerna enkelte av trea på eigedommen er noko av det første som skal skje.

– Det er mange som gler seg saman med meg over at eg fekk kjøpa denne eigedommen, og som også har lyst til å hjelpa til. Eg er så heldig som fekk tak i dette, sluttar Mette Grøtteland med jubel i stemma.