LESARBREV: Rogaland Bondelag og Rogaland Bonde- og Småbrukarlag spør dei politiske partia kva dei vil med norsk jordbruk. Har bønder i matfylket Rogaland ei framtid?

Raudt vil stoppa avviklinga av norsk jordbruk. Då må statens støttepolitikk endrast.

Bonden må få støtte ut frå korleis jorda blir brukt. Dyrkar bonden jordlappar som eignar seg til menneskemat, skal dei få støtte – så sant det er menneskemat som blir dyrka der. Utnyttar bonden jord som eignar seg best til beite, slåttar, til å dyrka dyrefôr eller til annan bruk, skal dei få støtte til det. Sårbar natur, t.d. våtmarker, må skjermast. Dette føreset ein plan som viser kva jorda ulike stader er best eigna til, ein plan som må ha detaljar på teignivå.

Dagens politikk er å gi støtte til auka produsert volum. Det fører til at bønder konkurrerer kvarandre ut av yrket. Det fører òg til auka import av billege råvarer frå utlandet, for eksempel blir no soya dyrka i regnskogen for å produsera billeg kraftfôr til norsk jordbruk. Det er billegare enn å halda dyra på beite eller fôra dei med norskprodusert grovfôr. Slik bidrar statleg støtte både til å ta knekken på norske bønder, utrydda regnskog og auka klimautsleppa ved at matvarer og råvarer blir transportert kloden rundt. Derfor må produktivitetskrava staten stiller i dag, droppast, og støtta i staden givast etter korleis jorda blir brukt. Held me fram som i dag, risikerer me at det tradisjonelle familiejordbruket forsvinn.

I eit miljøperspektiv er det viktig med mest mogleg kortreist mat. Importen må avgrensast. Me treng ikkje auka importkvoten frå EU. Me må tvert om nytta dei moglegheitene som finst til å redusera importen av matvarer og råvarer frå utlandet.

Norsk mat er ikkje for dyr. Den er for billeg. I dag går rundt 11 prosent av eit gjennomsnitts hushaldsbudsjett til matvarer. Det er for lite. Det pressar økonomien i jordbruket og fører blant anna til grov underbetaling av nødvendig arbeidskraft. Resultatet er storstilt import av sesongarbeidarar frå utlandet, endåtil frå fjerne land som Vietnam. I jordbruksforhandlingane må staten sørga for at matvareprisane i butikk kan auka noko, men heile auken må gå til bonden. Då kan ein beskjeden prisauke på matvarer i butikk føra til at inntektsgapet mellom bønder og industriarbeidarar blir minka. Då kan òg tariffen til jordbruksarbeidarane bli heva til eit nivå som gjer det mogleg å rekruttera arbeidskraft i Norge.

Raudt vil betra inntekta til bonden, redusera importen og bevara familiejordbruket.

Konsesjonsloven må forsvarast, og følgjast. Jordvern må takast på alvor. Me må stansa utglidinga me no ser, der aksjeselskap kan driva gardsbruk – me vil at norsk jordbruk og å i framtida skal vera eit familiebasert småskalalandbruk. Men skal me få dette til, må staten slutta å premiera stadig aukande volum og i staden påskjønna den gode bruken av jorda – slik at mest mogleg norsk landareal kan takast i bruk.