Gå til sidens hovedinnhold

– Me er redd me i Sola kan stå i fare for å spare oss til fant

– Me er redd me i Sola kan stå i fare for å spare oss til fant.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei fleste kjenner til uttrykket å spare seg til fant. Det er når ein sparer så mykje på kronene at det faktisk blir dyrare på lang sikt. KrF er redd me i Sola kommune etter budsjettvedtaket som vart gjort i kommunestyret 17. desember kan stå i fare for å spare oss til fant. Og då tenkjer me på kutta i det førebyggjande arbeidet posisjonen har gjort. H, V og KrF har laga eit budsjett som viser at det mogleg å satse på førebygging samstundes som ein tenkjer berekraftig økonomi.

Sjølv om posisjonen påstår det motsette vert frisklivssentralen i praksis lagt ned i ei tid når livsstilssjukdomane aukar og livsmeistringa går ned. I staden for å redusere dette viktige tilbodet har me i vårt budsjett forsterka det. I vårt budsjett har me også lagt inn pengar til å drive vidare prosjekt dagrehabilitering for yngre personar med funksjonshemming.

Kyrkjeleg fellesråd må kutte i drift på til saman seks prosent. Den norske kyrkja i Sola vert såleis ramma av eit urettvist kutt som ikkje er ein kommune verdig sidan kyrkja vert ramma hardare enn andre kommunale verksemder. I vårt budsjett har me lagt inn lønsmidlar til ein ungdomsdiakon som kan samarbeide med kommunen om det førebyggjande utretta arbeidet blant ungdom i ei tid med blant anna aukande ungdomsvald og grenseoverskridande åtferd. Dette meiner me er ei god investering, for av kvar krone generert til frivillig sektor får me det fleirdoble att i frivillig arbeid.

Me meiner at me også sparer oss til fant dersom me ikkje utnyttar den arbeidsevna innbyggjarane i Sola har. Arbeidsløysa blant personar med psykisk utviklingshemming er skyhøg. Gjennom Helt- med ordninga ønskjer me at personar med psykisk utviklingshemming skal bli tilsett i vanlege jobbar i vanlege bedrifter, inkludert bedrifta Sola kommune. Nokre av våre nabokommunar har blitt med i denne ordninga, trass i at dei slit med dei same økonomiske utfordringane som oss i Sola.

Kostnadane knytt til å kutte i førebygging kjem ikkje i morgon, men innan få år, og kjem i form av funksjonsfall, einsemd, – og behov for kommunale tenester. Ein kan spare seg til fant om ein ikkje gjer dei rette prioriteringane.

Kommentarer til denne saken