Minneord:
Ho vaks opp i ein god heim i Suldal saman med foreldra og ein bror. Marta reiste ut frå heimen som 16 åring, og kom til Handelslaget på Riska, der ho treivst svært godt. Her fann ho også gode vener mellom bedehusfolket, og i Musikklaget.
Det var i denne tida Marta blei kjent med Olaf Bergjord, og dei gifte seg i 1967. Fem år etter flytta dei til Røyneberg. Martha og Olaf fekk tre døtre; Olaug, Anne Kari og Margunn. Marta gledde seg over å ha fått tre barneborn; Martine, Cornelius og Theodor.
Gravferda var frå Sola Kapell fredag 9. juli, og det var mange som fylgde ein kjær ven og slektning til grava. Det var soknepresten i Sørnes, Silje Barkved Fossan, som hadde minneorda og tala Guds ord. Odd Dubland deltok med song.
NLM-kontakt på Vonheim Bedehus
Marta var NLM-kontakt på Vonheim i mange år. Ho var med i to kvinneforeiningar, ein misjonsforeining og elles i det kristne arbeidet på Vonheim – og i bygda.. Ho deltok også som sundagsskulelærar i Sørnes kyrkje. Både Marta og Olaf gledde seg over å vera ein del av det som vert kalla «misjonsfolket»!
Det faste målet for ferieturane var til Suldal. Der kjøpte dei feriehus i 2003, og her kom både familiane og vener på vitjing. Dei av oss som var saman med Marta var imponert kor flink ho var til å minnast dei ho hadde møtt, antan på regionsmøter eller på NLM generalforsamlingar.
Æresmedlem i Rogaland bondekvinnelag
Frå 1987 fekk Marta jobb i Rogaland bondekvinnelag, og var der til pensjonsalderen kom. Ho gjekk inn i jobben med liv og sjel, og vart kåra til æresmedlem i bondekvinnelaget
Då Marta var om lag 50 år fekk ho vita at ho hadde ein blodsjukdom. Denne levde ho godt med i nokre år. Men etter kvart vart symptomane meir framtredande. Det vart fleire turar innom SUS, og også ein periode på Soltun Sjukeheim. Marta døydde på SUS, med alle sine om seg.
«Et nydelig menneske .. «
I gravferda vart det sitert frå tidlegare sokneprest Arne Monsen, som omtala Marta «som et nydeleg menneske, som var preget av troen på Jesus som hyrde, og som var veien, sannheten og livet».
Marta var ein god møteleiar, og ho var ein lyttande tilhøyrar. På Vonheim Bedehus er det ein tom stol etter henne. For oss som lever att er det godt å veta at hennar vitnemål var «Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua!» 2 Tim 4,7.
Godt å veta at Marta nå er heime hjå Gud. Me ynskjer Guds fred over Marta Bergjord sitt kjære minne!