Det er 43 år sidan Sola mållag braut ut av Stavanger mållag. Arbeidet deira har i stor grad vore retta mot skulen.

– Det er vår prioritet. Vi ønsker at alle elevar skal ha godt kjennskap til nynorsk, seier nyvald leiar i Sola mållag, Knut Georg Nilsen.

Men arbeidet er ikkje heilt enkelt. I Sola er det no berre to skular som har nynorskklassar. Foreldre som ønsker at barna deira skal ha nynorsk, kan gjerne kryssa av for det. Men det er berre elevar på Håland og Dysjaland skular som får nynorsk.

– Me skulle jo ønske at det var annleis; at ein har ein reell moglegheit for å kunne få nynorsk på andre skular og. Men slik er det ikkje. Derfor er vi veldig opptatt av å forsyne alle skulane med god litteratur på nynorsk, seier Nilsen og legg til at mållaget har eit godt samarbeid med både biblioteket og med skulane.

– Det går ei grense her

Han er nyvald leiar i mållaget, men har vore ein del av laget – og styret – lenge, og som tidlegare leiar.

– Som 70-åring hadde eg jo kanskje tenkt å gi meg, men eg har mykje engasjement, så eg held fram, seier han.

Solabuen er opphavleg frå Sauda og seier det er mykje meir nynorsk der, og når det gjeld kommunikasjon frå det offentlege. Han meiner det er ei samanheng mellom målform og urbanitet.

– Det går ei grense her, og den går gjerne her i Sola. Håland og Dysjaland skulekretsar held stand, men nynorsken er borte frå dei andre skulane, seier han.

Han rosar arbeidet som de to skulane gjer, men ønsker at kommunen var meir aktiv i å gje eit tilbod på andre skular og.

– Kommunane har eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Dette omfattar og eit ansvar for å fremje nynorsk, det minst brukte skriftspråket. Lesing, skriving og rekning er grunnleggjande fag i norsk grunnskule. Nynorsk lærer elevane best i eigen klasse for då vert læremiddel og undervisning på nynorsk, seier Nilsen.

– Må ikkje vera eit hatfag

Sola mållag gjer derfor kva dei kan, og det er bland anna å ausa ut bøker til skulebiblioteka og stilla med forfattarbesøk på skulane. Sist har det vore Terje Thorkildsen.

– Det har vore ein stor suksess. Han er jo morosam og har skrive bok. Tilbakemeldingane frå skulane er at besøket har vore godt motteke.

Sjølv meiner han at det ikkje lenger er den hetsen mot det han med eit smil kallar «grautmål».

– Det er meir fokus på dialektar og språk. Det er viktig at nynorsk ikkje blir eit hatfag, seier Knut Georg Nilsen.

Men nynorsk har gått tilbake i Sola, og det er dei to skulane lengst sør som no har nynorskklassar.

– Får me ikkje til utbygging på Kvithei smuldrar grunnlaget bort her og, seier han.