Den fyrste kristne kyrkja i Sola vart truleg bygd av Rygekongen Erling Skjalgsson på 1000-talet og ein veit ikkje kor. Og ruinkyrkja er bygd på grunnmuren til ei kyrkje frå 1140–1150 og er den eldste kyrkja me kjenner til i Sola.

I 1842 vart det som lenge var hovudkyrkja i Sola bygd. Ho vart riven ned av tyskarane i 1940 og bygd ny i 1955.

Tjora var frå reformasjonen (Martin Luther 1500-talet) eige kyrkjesokn med eigen sokneprest til 1842. Då vart kyrkja riven og auksjonert bort.

Til Tjora kyrkjesokn høyrde:

Tjora, Risa, Hogstad, Sør-Kolnes, Nord-Kolnes, Rott, Haga, Meling, Mæland, Jåsund, Myklebust og Tananger.

Folketeljing 1758 – 335 innbyggarar og 1801 – 396.

Tre kyrkjesokn vart slådde saman til Håland prestegjeld som frå 1968 heiter Sola prestegjeld. I 1842 var det lang kyrkjeveg for folk på Fjørenest (Tanangerhalvøya) og for folk i sørabygda og dei byrja planlegga. Det var Losoldermann og ordførar Gabriel Monsen i Tananger som kom til å vera sjela og den drivande krafta i arbeidet for å byggja ei kyrkje i Tananger.

Sitat frå bygdeboka, Soga om Sola og Madla:

«5. april 1839 låg det føre eit framlegg frå sokneprestThorne om bygging av ei eller to nye kyrkjer i prestegjeldet Håland. Saka førde til at dei valde ei nemnd som skulle gjeva tilråding om «om det skulle byggjast nye kyrkjer i prestegjeldet.»

Med i nemnda kom sokneprest Thorne, losoldermann og ordførar G. Monsen og lensmann E. Torgersen Meling. Samstundes valde heradsstyret (kommunestyret) 2 mann frå kvart sokn som skulle gå rundt med innsamlingslister til kyrkjebygging.»

Då gjekk det 35 år og riving av Tjorakjerka og bygging av Solakjerka før Gabriel Monsen 10. september 1874 kalla saman til eit møte i Tananger skulehus og då gjekk det ikkje mange år før Tananger kapell blei bygd. Ei dame som sette fart i bygginga var enkemadam Marthe Dorthea Olsen f. Mossige,! 815-1882. Ho var enke og hadde råderett over pengane sine og det var ikkje vanleg at ei dame bestemte over pengane sine i 1874. Ho gav 1000 spesidalar til kyrkja og sjølve byggesummen var på 8000 spesidalar, så det var ein stor pengesum.

Sitat frå Bygdeboka:

«Den 27 mai 1878 gav heradsstyret den kravde trygda. Ved kongeleg resolusjon og av 27. juli same året vart det gjeve løyve «til at oppføre et kapell på Gaarden Meling etter Arkitekt Nissens utarbeidde teikningar, der ved Kongelig Resolusjon af 29. August 1877 blev approbert til Benyttelse ved bygningen af en kyrkje for Distriktet Riskekverven i Hetlands Præstegjeld.»

Vidare heiter det i resolusjonen «at der til kapellet tillægges 6 Gudstjenester årleg, likesom der ved same tillades anlagt en Begravelsesplads, og at det tilstaaes et Laan af Opplysningsvesenets fond paa kr. 1200,- med 5 % rente og Tilbagebetaling i 30 aar.»

Kapellet vart vigsla 26. november 1879 av prosten i Jæren prosti sokneprest Iversen. Dette var litt av historia til den gamle kyrkja i Tananger, Tananger kapell. No har ho stått tom sidan 2020 og det er fare for rivningsvedtak. Det er ein bygning som har vore kyrkja vår og som har stått der i 143 år. Rege kapell reiv dei ned om natta utan at nokon skulle vita at det skjedde.

Kan det skje igjen? Kven har ansvaret? Kommunen har etter lova det økonomiske ansvaret og kommunen det er alle oss som bur i kommunen. Tananger kapell er ei listeført kyrkje og det vil sei at ho er jamstilt med ei freda kyrkje og kan ikkje rivast. Og det er biskopen og Riksantikvaren som har det siste ordet.

Men utan at Sola kirkelege fellesråd gjer noko vedtak og sender til biskopen er der ingenting biskopen kan ta stilling til. Og så vert det ingen diskusjon i det heile tatt og kyrkja ramlar ned av seg sjølv. Tilstanden er ikkje heilt galen enno, men til meir tid som går vore det dyrare å gjera noko.

Det hastar!

Me treng møteplassar. Det er fantastisk med fotball og handball og at barn og ungdom er i aktivitet og trener. Men det er vel andre ting me kan samlast om, slik som musikk, foredrag og kunst. Fint å verta vigde i ei lita kvit kyrkje og for ungar og konfirmantar måtte det vera fint å vera i den gamle kyrkja vår, læra om historia gå i kjellar og klokketårn.

Eg er døypt, konfirmert og gift i denne kyrkja og det er vondt å sjå at ho ikkje er teken vare på. Gravsteinen til Marthe Dorthea Olsen står framleis på kyrkjegarden i nordvestre hjørnet innanfor porten ved sida av steinen til Andreas og Dorthea Monsen.

Kyrkja er ein del av historia til Tananger. Det er ikkje så mykje att av historiske bygningar i kommunen vår. Me er ei gruppe som har kome saman for å bevara kyrkja og eg er ei av medlemmene. Me har og ei offentleg gruppe på Facebook som heiter: For bevaring av Tananger gamle kyrkje. Meld dykk inn og vis at de bryr dykk om kyrkja og historia.