Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I Aftenbladet kunne ein 14. februar lesa om at kommunar i Sør-Rogaland hadde fått inn 10 søknader om å setja opp gardsvindmøller, og at ein av søknadane er frå ein gard i Tananger. Dessutan hadde 20 meldt si interesse til leverandørar om å installera eiga vindmølle på sin gard.
Grunnen til dette er at bøndene generelt, og jærbuen spesielt, er opptekne av økonomi, og ikkje veit kor lenge straumstøtte-ordningane vil vara, seier assisterande landbruksdirektør hos Statsforvaltaren. Artikkelen viser også bilete av ein 26 meter høg vindturbin som blir installert på ein gard i Time kommune.
I desse dagar er det eit stort press på å setja opp vindmøller mange stader i fylket, og nokre av dei er 10 gonger høgare enn dei bøndene søkjer løyve om.
Men vindmøller, store eller små, utgjer uansett eit øydeleggjande inngrep i naturen. Det er uforståeleg når nokon kallar dette positive bidrag til det «grøne skiftet». Rasering av naturen, støyen som dei skapar for naboar, trusselen for fuglar og den visuelle forsøplinga frå desse inngrepa, burde få alle, ikkje minst politikarane, til å innsjå at det er galskap å seia ja til vindmølleprosjekt.
Sola kommune – kan de bekrefta at det er kome inn søknad om å setja opp gardsvindmølle i Tananger? I så fall ventar vi spent på kva svar søkjaren vil få. Eit ja trur eg få har forståing for. Vindmøller vil vi ikkje ha i kommunen vår.