Eg har med interesse lest Solabladets artikkel om støy i Enokbakken, boligfelt på Litle Risa. Ja, her må det forbedring til, og det haster. Frå undergang på Risabergvegen ved avkjørsel til Risavegen og der boligfeltet starter, er der høgdeforskjell på vegen og boligfeltet. Den varierer med ein meter ved boligfeltes start og med jamn stigning til 2,5-3 meter ved undergangen i aust.

For oss som ferdes her er det ein fantastisk innsyn til terassane og langt inn i boligen, der beboerane oppheld seg. Kva er dei utsett for, i tillegg til innsyn er det store støvplager, steinsprut, ja, sjå når der blir snø og snøslaps og brøytebilen er ute og brøyter, snø og snøslaps havner i hagen, kanskje på terassen og.

Eg minner om at utforkjøring og kan vera ein fare med så store høgdeforskjellar. Det har hendt fleire gonger tidlegare her. Eg les at rådgiverne Brekke & Strand Akustikk, frarår støyskjerming langst denne strekning. Det er eg heilt uenig med dei i. Her må det komma støyskjerming, men og autovern, slik at beboarane slepp å vakna ein morgon med bil havarert på terasse, eller i huset. Her tykje eg at utbyggar skal vera "føre var" og få det gjort. Dette burde vore krav frå kommunen før godkjenning av planen.

La eg ellers få gje ros til utbyggjar for eit fantastiskt felt, med mykje godt tilrettelagd fellesareal. Så til slutt vil eg takka Solabladet for at dei plasserte Enokbakken på Litle-Risa og ikkje på Snøde.