- Har Sola ein plan for dialekten og språket?

Av

Sola kommunestyre styrka lokal kultur og språk, noko dei absolutt bør gjera. Men kommunestyret kan òg styrka og legga til retta for at fleire kan velja nynorsk som opplæringsspråk.

DEL

MeningerTruleg har kommunen ein plan for finkulturen. Kva plan har kommunen for eit av dei mest grunnleggjande delane av solakulturen, dialekten og språket?

Finst det ein sterkare og meir grunnleggjande kulturytring enn dialekten i Sola? Vil ein ta vare på han, må ein ta vare på det språket som ligg nærast.

Språket fortel kven vi er («eg»), og det fortel kor vi kjem frå. Det er identiten vår. Vi kan ikkje røma frå han. Nynorsk ligg nærast dialekten vår og er det mest naturlege å begynna med på skulen. Noko av det første elevane lærer på skulen er at det heiter ikkje «eg» og «ikkje», men jei ( men skriv jeg ) og ikke. All pedagogikk bygger på det nære og kjende. Då er det merkeleg og uforståeleg at noko av det første ein lærer, er at når eg seier «eg», det innerste og næraste i oss, skal ein omsetta til «jei» og skriva jeg.

I Noreg snakkar alle ein eller annan dialekt, og han er prega av kor vi bur og den språklege arven på staden. Dei siste generasjonene har folk flytta mykje og ofte, og vi tek dialekten med oss. I dag held mange på dialekten med visse mindre endringar. Dette ser dei fleste på som positivt og er ofte stolte av dialekten sin. Slik har det ikkje alltid vore, og ein måtte før anten vi ville eller ikkje leggja om og snakka «pent». Det gjekk oftast bra, men om ein kom i ein situasjon der kjenslene vart sterke, t.d. sorg og sinne, slo hjartespråket igjennom og avslørte kor vi kom frå og kven vi var.

Då kunne ein koma opp i pinlege situasjonar, for då vi vart avslørt. Det var altså flaut å visa kven ein var. Kan ei undertrykking verta sterkare ?

Denne tradisjonen med å leggja om språket, er endå sterkare og held framleis fram ennå når det gjeld skriftspråket. Bokmålet er blitt meir dominerande, fordi mange trur ein ikkje vert forstått eller det vert for vanskeleg å bruka nynorsk. Det er då interessant å legga merka til at statlege og kommunale skriv, som i langt over halvparten er på bokmål, er vanskeleg å forstå for vanlege folk.

Det er for mange opplevd og vedtatt at ein må gå over til fleirtalsspråket, bokmål, det er bare slik. Nokre prøver å motstå presset, men vert møtt med avvising. Ein gir opp kampen.

Etterkvart har det ført til at innflyttarane i Sola har kravd skifte til bokmål, som dei fleste ofte hadde med seg, men òg mange som kunne vald nynorsk som sitt, har gått over til bokmål. Anten fordi dei kjende fleirtalspresset så sterk eller ville vera med på «vinnarlaget, eller møtte så mykje motstand at dei gav opp. Møte med fordommar om at nynorsk ikkje passar eller ikkje kan brukast i eit moderne samfunn. Resultatet vart sterk dominans av bokmål. Mange «innfødd» er blitt heilt overkøyrd, sjølv om også «innfødde» har gått over til bokmål av ulike grunnar.

Tek Sola kommune vare på språkarven ? I Sola var det nynorsk ved alle skulane for ein del tiår sidan. Idag har nynorsk som skulemål blitt mest utrydda. Skuleepolitikken, om det har vore nokon politikk, har støtta denne utviklinga. Det siste var vedtaket av språkval etter skulemålsrøystinga ved Sola skule. Trass i fleirtal for nynorsk, vedtok kommunestyret bokmål. Skulemålsrøysting kan lett misforståast om ein ikkje har kunnskap om kva ei skulemålsrøysting er. Alle som bur i dette lokalsamfunnet, geografiske området, for skulekrinsen har røysterett. Denne regelen har ein for at opplæringsmålet i skulen er ei kultursak for heile krinsen, ikkje bare dei som nett då har elevar i skulealder. Dette kan forklara noko av årsaka til vedtaket i kommunestyret om ikkje å halda på nynorsk, altså manglande kunnskap om lovverket for språk og kultur. Det er ikkje slik elles heller at det er visse grupper i lokalsamfunnet som avgjer politiske spørsmål. Det er ikkje bare innbyggjarar over 65 år som avgjer saker om sjukeheim og eldreomsorg.

Eit anna moment som kan ha hatt noko å seia, var at det ikkje lenger var nynorskklassar ved Sola skule.

Andre vikarierande argument for å gå mot fleirtalet i røystinga kan ha vore fordommar og kunnskapsløyse, eller vilje til å avskaffa nynorsk som opplæringsspråk. Men det veit vi ikkje.

Kommunestyret har ikkje gjort noko ulovleg vedtak, for dei er suverene og dei kan skulda på lite oppmøte og få røyster. Forstod dei ikkje samanhengen mellom språk og kultur eller førde dei sin eigen kamp mot nynorsk ? Eit tankesprang : Held den synkende røysteprosenten ved kommunevala fram, treng ein ikkje bry seg om kommunestyra. Staten kan gjera som dei vil.

Språket er fundamentet i ein kvar kultur. Kvar gong eit språk går til grunn, mange kvart år i verda, går ein kultur til grunne. Dette er eit felt UNESCO ( FN ) arbeider med og prøver å hindra, jmf Noreg som nå har godkjend samisk, kvensk og romani som minoritetsspråk som treng støtte for å overleva. Samisk vart ei tid sterkt undertrykt og vel tenkt avskaffa. Denne fornorsking har ein sidan sett var heilt gale. Nå prøver ein å retta opp noko av skaden, samstundes som ein feller krokodilletårer.

Nynorsk er ikkje eit minoritetsspråk, men eit offisielt norsk språk. Styresmaktene prøver å støtta nynorsk på ulike vis, men det hjelper ikkje om den lokale styret ikkje ser verdien av denne delen av kulturen. Politikken i Sola siste tiåra har absolutt ikkje hatt syn for denne delen av kulturpolitikken.

Det må vera ein tankekross at talet på nynorsk elevar har gått kraftig ned når nynorsk var hovudmål i kommunen før den sterke folkeveksten tok til i siste halvdel av førre hundreåret.

I Sola er det mange innflyttarar. Folketalet har nær firdobla seg siste 60 år. Dette har ført til at nynorsk som opplæringsspråk i skulen har gått drastisk ned. Mykje meir ned i Sola enn i Rogaland fylke elles. Sola kommune driv ein annan språkpolitikk enn resten av fylket. Eit demokrati er ikkje fleirtalsdiktatur, men eit styre der fleirtalet tek omsyn til mindretalet. Har ikkje innflyttarane òg eit ansvar for den opphavelege kulturen og språket ?

Vi har vi fått nytt kommunestyre, og dei kan kanskje ta tak i likesæla og motstand mot nynorsk i skulen i Sola.

Det er sakleg grunn for å gjera om vedtaket i Sola skulekrins. Det var ikkje fleirtal for å skifta språk i Sola skulekrins.

Ved å gjera eit nytt vedtak kan Sola kommunestyre styrka lokal kultur og språk, noko dei absolutt bør gjera. Men kommunestyret kan òg styrka og legga til retta for at fleire kan velja nynorsk som opplæringsspråk. Ein må gjera noko medan ein kan, ikkje fella krokedillertårer seinare.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags