Slik kan dei kan ta prøvar og få vite meir om kor mykje fugleinfluensa det er hos ville fuglar i området. Då blir det viktig å få informasjon om det kjem smitte med trekkfuglane, ikkje minst for å kunna vurdera om fjørfe framleis må haldast inne, eller om portforbodet kan ta slutt, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.
De ber publikum om å melda ifrå dersom du finn sjuke eller døde fuglar av desse artane:
- andefuglar (ender, gjess og svaner)
- måkefuglar
- vadarar
- rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
- åtseletarar (kråkefuglar)
Det er viktig at du får med kvar fuglen er funnet, så nøyaktig som mogleg. Du melder ifrå på telefon (22 40 00 00) eller via mattilsynet.no.
Mattilsynet vil vurdere om fuglane skal undersøkjast for smitte, men det er uansett viktig at folk varslar oss. Fuglar som er døde av ytre skader, er avmagra eller rotne, er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøke for fugleinfluensa.
15 kommunar i Rogaland er definert som høgrisikoområde for fugleinfluensa, og portforbodet for fjørfe gjeld framleis i desse kommunane: Kvitsøy, Randaberg, Sandnes, Sola, Stavanger, Klepp, Time, Gjesdal, Hjelmeland, Strand, Bjerkreim, Lund, Sokndal, Eigersund og Hå.