Biblioteka på Jæren går saman for å starte YouTube-kanal

STRØYMING: Biblioteka i Time, Klepp og Sola skal starte eigen YouTube-kanal.

STRØYMING: Biblioteka i Time, Klepp og Sola skal starte eigen YouTube-kanal. Foto:

Biblioteka i Klepp, Time og Sola skal byrje med strøyming.

DEL

(Jærbladet) – I dag er det premiere på vår YouTube-kanal Jærbiblioteka. Me er så stolte over å ha fått til dette, skriv Klepp bibliotek på Facebook.

Klokka 18.00 i kveld går startskotet for den digitale satsinga til biblioteka på Jæren. Forfattar Sylo Taraku skal presentere boka si om fridomskampen i islam, og arrangementet blir strøyma på den ferske YouTube-kanalen.

– Me som jobbar på biblioteket har, som mange andre, hatt ei bratt læringskurve når det gjeld digitale ting. Me har lært oss redigering, strøyming, opptak, chatterom og meir av den fine gjengen i Bibliogames. Og i kveld skal det skje. Det vil også kome minst seks forfattarbesøk på vår YouTube-side, så følg med, oppmodar Klepp bibliotek.

Dei digitale forfattarbesøka er eit tiltak for born. Forfattarane Arne Svingen og Maiken Nylund skal i bresjen denne veka, medan nye arrangement blir annonsert laupande.

– Det blir i alt seks digitale besøk, fordelt på dei neste vekene. Opplegget vil ligge tilgjengeleg i 24 timar etter at strøyminga er over. Kvart opplegg varar rundt 30 minutt og passar for born i grunnskulen, står det på nettsidene til Jærbiblioteka.


Artikkeltags