På sundag er det kvinnedagen. Eg skriv det no, slik at du har sjanse til å førebu deg. Ein heilt eigen dag har dei klart å karra til seg. Me stakkarar som har hår i navlen, må klare oss med dei resterande 364 dagane.
Slik var det i alle fall før. No er alt annleis. Som nyansatt i ei bedrift kor det vert vekkelsesstemning når det nye apoteket deler ut gratis øyensverte, har eg kjensla av at kvar einaste dag er ein kvinnedag.
Oppvaksen i ein heim med tre brør og ei gutteaktig syster, er eg vand med brunstig knurring og raping kring middagsbordet. I Solabladet er du maskulin om du våger å seie nei til rød pesto på kalkunposteien.
Åtte av dei ti faste tilsette er kvinner. Før eg snubla inn døra forrige månad, var desksjefen einaste hane i hønseflokken. Men sjølv om talet på mannfolk er fordobla, ser eg ikkje føre meg noko snarleg maskulinisering av avisa. Som dei fleste menn, lar me oss lett indoktrinerast så lenge me får jamn tilgang på mat. Og det får me i Solabladet.
På lunsjbordet vert det trylla fram salatar med kvinnelege ingrediensar som solsikkefrø og pinjekjernar. Grønnsaker og krydder eg tidligare trudde kun eksisterte i matprogramma til Jamie Oliver, er no i kategorien kvardagskost.
Eg har på kort tid vorte innrullert i kvinnearméen sitt etemønster. Det einaste eg til nød kan kjenne meg att i, er suget etter det søte. Sist gong nokon fekk panikk og skreik «stopp pressen» her på huset, var det på grunn av akutt behov for sjokolade.
Denne femininiseringa gjer seg ikkje berre gjeldande i matvegen. Dei hottaste samtaleemna i lunsjen for tida er bodypump og Grete Roede-kurs. Viktige eksistensielle debattar som «kven var eigentleg best av Pelé og Maradona» eller «kor kjem navlelo frå», vert neglisjert i det stille.
I eit forsøk på å motverke denne mørke krafta som dreg meg vekk frå fotballprat og ekte Coca-Cola med 17 sukkerbetar som naturleg næringssupplement, freista eg å dra i gang ein pilkastkonkurranse på kontoret. Litt venskapeleg kappestrid ville få fram testosteronet, trudde eg. Men etter at tre kvinner hadde kasta, var det så mange hòl i veggen at ingen fant det forsvarleg å fortsetje.
Håplaust.
Så alle dykk mannfolk som lar dykk irritere over at kvinnene får lov å gå i tog og halde appellar opp og ned og i mente på sundag: Tenk på at somme av oss er dømde til å feire evig kvinnedag.